Fellesmann i farta

«Oi… Såg du dei gulgrøne stripene, som fauk som ein blikst over vegen attmed ungdomshuset?»

«Jau, eg såg! Kva var det? Er det ein fugl? Er det ein flygemaskin?»

Nei, det er…

Fellesmann™!

Fellesmann klar til innsats

A shakened Clark Kent, unconcerned about his s...

Image via Wikipedia

Nett som kollega Clark Kent i bladet Den Daglege Planeten, førar Jarle Petterson, til dagen bladfyk i bygdaportalen Lundegrend, eit dobbeltliv i løyndom, skjult for sine sambygdingar.

Fram til no.

Med milde gåver frå Felleskjøpet Agri, som synte stor sympati med byguten Petterson sine tallause utmaningar, opnar det seg heilt nye moglegheiter for bloggaren sitt alter ego, Fellesmann™, som endeleg kan syna seg fram i sin gulgrøne uniform, slik biletet over syner, der han, på ekte Kent-maner vrenger varmedressen av, klar til å redde bygda for alskens urbane farar.

– Mi hev i det heile særs mykje sams, Supermann og eg, seier Fellesmann™ i ein kommentar til bloggen, og held fram:

– Han kom frå ein småstad til storbyen, medan eg gjorde det omvende. På mange måtar er me vrengjebilete av kvarandre, kan du sei.

Jaha ja.

Den noe mer seriøse begrunnelsen er naturligvis at han anser antrekket et effektivt middel til fortgang i egen integreringsprosess (hangen til å omtale seg selv i tredje person, tyder for øvrig på at man ikke utelukkende fører dobbeltliv, men dertil besitter adskillige personligheter – som ovenikjøpet er tilbøyelig til å omtale hverandre).

Hvorom alt og inkje, anses Dagens outfit-post, efter modell av de beryktede rosabloggene, herved for levert. Men vi snakker føljetong. Følg med!

Inntil da: Viva Felleskjøpet!

Felleskjøpet

Reklamer